Sartorlunden

  • Sted

    Straume, Fjell kommune, Hordaland

  • År

    2019

  • Prosjekt

    Park

  • Størrelse

    8 dekar

  • Oppdragsgiver

    Sartor Holding

  • Landskapsarkitekt

    Dronninga landskap

  • Anleggsgartner

    Anleggsgartnermester Wikholm

  • Foto

    Dronninga landskap

Sartorlunden

Ein vestlandspark

Sartorlunden er eit resultat av det ambisiøse målet å forvandle eit tradisjonelt, innovervendt kjøpesenter frå 1980-90-talet til ein liten by med utandørs møteplassar, som gater, torg og bypark. Byggherre og landskapsarkitekt peika ut det tidlegare sauebeite for plassering av parken i arbeidet med reguleringsplanen for 10 år sidan.

Urtidsdam

Det vassjuke jordet er grave ut til ein oppsiktsvekkande parkdam. Under utgravinga kom det til syne to store berg, som no er blitt naturlege øyar i dammen. Dei er ein del av Øygardskomplekset, som omfattar forgneisa størknings- og sedimentære bergartar frå urtida, det vil seie for meir enn 545 millionar år sidan. Vassrensande plantar dannar grøne breidder, som saman med skugge frå tre og buskar reduserer algevekst. 10 benkar med eigne sykkelstativ er plassert rundt omkring dammen på lune plassar.

Sartorpromenaden

Parken består av ein 600 m lang og 3 m brei promenade, som er bygd opp med vestlandsmurar. Det er over 2.600 m2 med kortreist grus og trapper av larvikitt. Utsikten 53 m.o.h ragar 7,5 m over parkdammen. Det er universell utforming i stigninga, og trappene er utforma som slottstrapper og er ekstra gode å gå i. Frå byen stig ein opp ei trapp som tek opp 4,5 m til Nordre utsikt. Den dramatiske trappa frå nedre nivå tek opp over 6 m høgde og svingar seg elegant opp åssida opp til Søndre utsikt med havgløtt. Det gamle fjøset på knatten skal byggast om til ein parkpaviljong. Treningsstativ lagar utegym på grusplassen midt i parken.

Botanisk kysthage

Alle tiltak skal vere med på å lage ein vestlandspark. Rogn, selje og einer, som har overlevd beitinga på dei aller brattaste stadene, er bevart. Storvokste buskar og småtre for skandinaviske kyststrok er valde ut for å lage lune situasjonar. Einer, lyng og staudar sørgjer for at parken vert frodig og vakker året rundt. Straume har fått ein stadstilpassa strilepark.