Hage på Ås

  • Sted

    Høgskolevegen 24, Ås kommune

  • År

    1993-

  • Prosjekt

    Privat hage

  • Størrelse

    1,5 dekar

  • Byggherre

    Alf Selnesaunet og Ragnhild Momrak

  • Anleggsgartnar

    Byggherren og Sigurd Johannesen

  • Arkitekt tilbygg

    Silvie le Muzic, Cecilie Wille og Ragnhild Momrak

  • Landskapsarkitekt

    Ragnhild Momrak

Hage på Ås

ROMSKAPANDE BØKEHEKK

Eigendommen ligg på Kaja, som er plassert midt mellom Universitetet (UMB) og Ås stasjon. Tomta er rektangulær og flat. Hagen er omgjeven av frodige nabohagar med velvaksne tre. Høge, klipte bøkehekkar markerer den ytre geometriske formen på hagen og formar samtidig dei vertikale romma. Bøkehekkane deler hagen inn i 7 ulike hagerom, som utspelar seg etterkvart som ein går rundt i hagen. Mange opningar i hekken inviterer til ulike vandreruter. Levande konstruksjonar (frukttre) formar tak, veggar og golv i hagen.

TEMAHAGAR

Kvart sitt hagerom har sitt særeigne tema. Der det ein rommet spelar på lys og luft, er naborommet skyggefullt og intimt. Eitt hagerom består av eit tak av frukttre, der det er nytta lokale og gamle eple- og pæresortar. På våren er taket overdekt av kvite fruktblomar, og på hausten er det taket full av frukt. Ein annan hage består utelukkande av stauder, ein tredje er krydderhage og ein fjerde bærhage.

«Ein villa frå 1950-talet med stor tomt er forvandla til ein liten, privat park med mange hagerom»

-

HUSET EIN DEL AV HAGEN

I 2005 vart det oppført eit tilbygg på huset, ved at bygningskroppen vart forlenga ut i hagen. Det overordna grepet har vore å skape eit nært samspel mellom hus og hage, og romma inne kan opplevast som hagerom, slik at hagen kan nytast heile året. Dette er gjort ved store glasopningar og mange utgangar, som spelar opp mot dei mange bøkeveggane i hagen.