Kafé sitt ned

  • Sted

    Telemarksgata 14, Skien

  • Ferdig bygd

    August 2010

  • Prosjekt

    Frå arkitekttevling til ferdig bygd prosjekt

  • Størrelse

    75 m2

  • Oppdragsgiver

    Skien kommune v/Laurie Smith Vestøl

  • Byggherre

    Hans Gundersen

  • Kunstnarar:

    Kari Skoe Fredriksen (vegg) og Grete Rogstad (benk)

  • Lysdesigner

    Are Røysamb/Dronninga landskap

  • Anleggsgartnar

    Telemark park & hage

  • Landskapsarkitekt

    Dronninga landskap

  • Foto

    Dronninga landskap og Tom Riis

Kafé sitt ned

Frå grå bakgård til lys oase

Dronninga landskap vann tevlinga om utforming av gårdsromet i Telemarksgata 14, som éin del av prosjektet Mosaikk og ”Levende gårdsrom”. Vinnarprosjektet fungerer som uteservering for kaféen “Sitt ned”, i tillegg til å vere ein hyggeleg bakgård for dei som bur der. Det er eit enkelt, frodig og intimt gårdsrom, som ein kontrast til det hektiske gatelivet og Handelstorget utanfor.

Lite og trangt

Alle virkemiddel for å få til ljos og luft er brukt: Nye inngangar til leilighetane ligg på svalgangar for å ikkje tette att mot himmelen. Golvet er plass-støypt av kvit betong som så er slipt for å få fram marmortilslaget.Fasader og alle element er halde innanfor ein avgrensa ljos fargeskala. Sitjeplassane er ordna med ein fast, skreddarsydd langbenk langs den eine fasaden.

Grønt på Høgkant

Klatreplantene spelar ei viktig rolle ved å tilføre liv og frodighet: Eføy (Hedera helix) i eit smalt plantefelt vil kle den eine veggen som ein grøn pels. Midt i gårdsrommet er eit rundt plantefelt med 10 meter lange vaierar for at slyngplantene kan strekkje seg oppover himmelen. Tre ulike slyngande planter vil gje ulikt preg til rommet: Blåregn (Wisteria sinensis), pipeholurt (Aristolochia durior) og humle (Humulus lupulus).

Om kvelden vil ein uventa effekt av lange ljosstriper styre blikket og understreke retningane i rommet.