Sykkylven

  • Sted

    Sykkylven

  • År

    2012

  • Prosjekt

    Byplantevling

  • Størrelse

    Ca 70 dekar; 9.000 m2 næring, 550 leilegheiter

  • Oppdragsgiver

    Sykkylven kommune

  • Arkitekt

    CF Møller

  • Landskapsarkitekt

    Dronninga landskap

  • Pris

    1. premie i tevlingen

Sykkylven

Trivelig, tett og frodig

Sentrum av Sykkylven skal framstå som ein tett og tydeleg avgrensa Kvadratur, som fortettast med nybygg på ledige tomter, og sentrum forlengast ned til fjorden. Den funksjonalistiske kvadraturplan frå 1930-talet strammast opp ved at vegane byggast som gater. Det skal byggjast attraktive, sentrale leilegheitar. Vi legg opp til omlag 9.000 m2 nye butikkar og næring, og 38.000m2 / 550 nye leilegheiter. Byen skal bli ein grøn miljølandsby med trær i alle gater.

Torget - hjartet i byen

Vi tek utgangspunkt i det alle oppfattar som hjartet i Sykkylven – torget midt på Kyrkjevegen. Ut frå dette punktet definerer vi to aksar – Kyrkjeaksen og Fjordaksen. Kyrkjeaksen følgjer Kyrkjevegen, den tidlegare hovudgata, med kyrkja som fondmotiv. Fjordaksen knytter Kvadraturen til fjorden.

Sentrum, ikkje senter

Sykkylven må styrkje posisjonen sin som handelssentrum. Sykkylven skal verte eit hyggeleg, tett og velfungerende handelssentrum der ein får tak i det ein treng på ein enkelmåte. Skapar vi puls i sentrum, så vil folk trekkje folk.

Frå barrière til aveny og promenade

Sykkylven får ein sammenhengande fjordpromenade forbi sentrum nord til småbåthavna. Ulike aktivitetar og møtepunkt ligg som perler på ei snor langs fjordpromenaden. FV 60 omformast til ein beplanta aveny. Kvadraturen og sjøfronten blir knytt saman til eitt sentrum og Sykkylven blir på nytt liggjande ved fjorden.